| |
|
12.januar 2009
Garambo:
"Peak Money" og kollaps...
Les meir her
5.september 2007
John Busby:
Atomenergi: Mye fra lite?
Les meir her
8.juni 2007
Ny framsidetekst
22.januar 2007
Chris Skrebowski:
Ope brev til Peter Jackson i CERA.
Les meir her
|
|
|
|
|

Money as Debt
Kanadisk teiknefilm.
Produsert av Paul Grignon,
Kanada 2006.
Format: DVD
Lengd: 47 minutt
Pris: 130,- kroner
Heimeside: www.moneyasdebt.net
Norske tekstar: energikrise.no
Undertekst er sett «default
på».
Bruk «subtitle» på fjernkontrollen
om du ønsker å slå han
av.

Kort omtale av filmen
Denne filmen viser at det er meir ved pengane
enn dei fleste av oss er klar over. Kjennskap til monetær
politikk er ikkje noko vi lærer om i skuleverket, og det
er heller ikkje tema i den politiske debatten. Vi ser difor på pengane
som eit nøytralt medium vi nyttar til å halde rekneskap
over økonomien vår. Sjølv om pengane kan synleggjere
sosiale skilnader og makttilhøve, ser vi ikkje dette som
ein eigenskap ved pengane i seg sjølv.

I denne underhaldande
og pedagogiske filmen viser Paul Grignon korleis pengane vi nyttar
har sin eigen dynamikk. Den absolutt viktigaste måten pengar
kjem inn i sirkulasjon på, er ved at nokon,
anten det er næringsliv, privatpersonar eller det offentlege,
tek opp nye lån. Men dette er ikkje pengar vi låner
av nokon som allereie har dei, det er nye pengar som vert produserte
i eit banksystem basert på brøkdelsreservar. Det
er lån frå vår eiga framtid, lån som skal
betalast attende med renter. Det må difor heile tida finnast
meir pengar i framtida enn det gjer i dag, dersom ikkje vil pengesystemet
kollapse. Og fordi dei nye pengane også kjem til verda som
lån,
sit vi i fast i ein evig eskalerande spiral av kreditt.
All produksjon
av varer og tenester blir i aukande grad gissel til det som berre
skulle tene som symbol for denne produksjonen: Pengane.
Dette har ei rad konsekvensar, den viktigaste
er kanskje at pengesystemet vårt gjer det umogleg å etablere
ein økonomi
i likevekt med planeten sine avgrensa ressursar.
Finanskrisa vi er
oppe i gjer denne filmen enno meir aktuell, vi er i ferd med å oppleve
eit storskala- eksperiment der vi er vitne til at berre nokre kvartal
med litt minkande økonomisk
aktivitet set heile det økonomiske systemet i fare.
Korleis skal vi då kunne møte
ei framtid der minkande produksjon blir ein permanent realitet?
Denne
filmen presenterer ei interessant problemstilling
dei færraste har teke omsyn til i diskusjonen om ei berekraftig
framtid: Vi har i dag eit monetært system som ikkje tillet
oss å gjere dei grepa som er naudsynte utan at det ville føre
til finansiell kollaps.

|
|
|
|
| |
 |

Lett råolje, NYMEX
|
Følg med kva som skjer på energifronten
i bloggen:
"Kveldssong
for hydrokarbonar"
-Den beste referansedatabasen om energispørsmål
på norsk
|
|

"Dei neste 20 åra vil bli heilt
ulike dei 20 siste"
Dette er konklusjonen til Chris Martenson i ein serie på 20 foredrag om
vekst og økonomi, energi og miljø.
Det er ikkje lenger spørsmål om kanskje eller når, vi står
no midt oppe i det som vil bli eit knekkpunkt i menneska si historie.
Foredraga kan du sjå på nett eller DVD Les meir..

"Money as Debt" er noko så uvanleg som ein teiknefilm om monetær
teori. Dette er grunnleggande kunnskap for dei som vil prøve å forstå finanskrisa.Les
meir her

Om korleis Cuba klarte seg etter at Sovjetunionen kollapsa
og energitilførsla vart drastisk redusert. Norske
tekstar. Les
meir her

"Den største veikskapen til menneska er deira
manglande evne til å forstå eksponential- funksjonen".
. Ikkje mindre enn ein pedagogisk kraftpresentasjon om
møtet mellom eksponentiell vekst og dei fysiske realitetane. Les
meir her.

DVD av den norske filmskaparen Amund Prestegård.
Presentert av Colin Campbell.
Les meir her

Framifrå DVD om oljeuttøminga, verda og USA.
Kjøp han her og du får med ein versjon med norske
tekstar.
Les meir her
|
| |
|
 |
|
|
|