Eit tilsvar til ein "optimist"
Publisert 22.januar 2007
At
utvinninga av olje skal nå ein topp i det vi kan kalle
nær framtid, altså i løpet av det komande tiåret,
er eit syn som ikkje blir ønskt velkome av dei som ser det
som viktig å halde den rådande økonomiske orden
gåande. Berre kunnskapen om fenomenet Peak Oil trugar
paradigmet om at økonomisk vekst skal halde fram så langt
vi kan sjå. Dersom kjennskap til Peak Oil skulle bli ålment
utbreidd, og få folk til å redusere investeringar og
forbruk for ikkje å bli tekne av det økonomiske dragsuget
Peak Oil vil kunne representere, vil dette i seg sjølv kunne
truge den økonomiske veksten og stabiliteten. Det
er difor ikkje overraskande at det blir gjort iherdige forsøk
på å diskreditere teorien omkring Peak Oil, og miljøet
og dei personane som er talsmenn for Peak Oil. Dette går heilt
attende til den mottakinga M. King Hubbert sitt foredrag fekk då han
første gong offentleggjorde teorien sin.
Ein av dei kraftigaste opponentane har vore konsulentfirmaet
IHS Energy med underavdelinga CERA, Cambridge Energy Research
Consultants. Ein av leiarane her er oljeanalytikaren Daniel Yergin,
forfattar av boka "The Prize", "Premien" som vann Pulitzerprisen
i 1992. Undertittelen på boka er "Den episke jakta på olje,
pengar og makt". Men den same Yergin som i denne boka gir ei kunnskapsrik
oversikt om oljen si rolle i det globale maktspelet, har seinare blitt
ein av dei kvassaste motstanderane av Peak Oil. I
ein nyleg publisert artikkel går Peter Jackson, som arbeider
for CERA, til åtak på Peak Oil teorien. Som
så ofte når
Peak Oil bli debattert, vil opponentane trekke fram dei enorme
reservane av
ulike typar olje som enno i lang tid vil forsyne oss med den
mengda olje økonomien
vår vil etterspørje. I dette svaret går Chris
Skrebowski, redaktør i "Petroleum Review", gjennom argumenta
til CERA.
Kjerna i feilslutninga til CERA er sjølvsagt at det ikkje
hjelper med reservar dersom
desse ikkje kan omsetjast til utvinning i ein skala og innanfor
ei tidsramme som vil utsetje Peak Oil. Originalartikkelen finn du her
Ope brev til Peter Jackson i CERA
av Chris Skrebowski
Kjære Peter Jackson,
Eg vart både overraska og trist då eg las
CERA sitt merkelege åtak på konseptet Peak Oil, og det
implisitte åtaket
på Peak Oil-miljøet i denne pressemeldinga ( recent
press release ), og i rapporten 'Why
the "Peak Oil" Theory Falls Down - Myths, Legends, and the Future
of Oil Resources. "
Eg vart overraska fordi desse vart offentleggjorde omtrent samstundes
med at IEA sin seinaste World Market Report viste at oljeutvinninga
i landa utanfor OPEC vil nå ein topp omkring midten av det neste tiåret.
Og eg blei trist fordi eg trudde vi var komne forbi stadiet med utskjelling
som har prega debatten tidlegare.
I det fjerde avsnittet i rapporten din skriv du:
"Dette er ein svært viktig debatt som fortener ei rasjonell og balansert
handsaming. Vi respekterer alvoret og kjensla av at dette er ei hastesak som
nokre av dei vi er usamde med legg fram saka med. Av og til blir debatten imidlertid
nokså polemisk. Vi skulle ønske at tilnærminga kunne skje
på ein meir ettertenksam og rasjonell måte, på bakgrunn av
at dette er eit felt der kunnskapen framleis er i vekst. Ein debatt basert på dialog
og fakta ville vere meir konstruktiv og meir teneleg for å kaste lys over
alvoret i diskusjonen."
Nettopp. Så kvifor kome ut med ei så polemisk
pressemelding? Kvifor blande saman oljereservar og oljestraum som
om desse to er same sak? Kvifor liste opp ressursar som er langt
frå å kunne
settast i produksjon som om det var ein krane som kan opnast i morgon
tidleg? Når tida det tar å kommersialisere ein førekomst
ikkje blir teken med, gjer rapporten lite anna enn å seie at
sidan det er så og så store reservar rundt omkring så må alt
vere i orden. Om livet berre var så enkelt.
Eg kjenner ikkje til om denne rapporten er
laga på CERA sitt
initiativ, om han var ein bestilt rapport, eller om CERA er under
noko slags press. Men eg veit at oljeanalytikarar har det til felles
med supermodellar at du ikkje får dei ut av senga før
du lokkar med ein feit bunke dollar. Kven som har betalt for denne
rapporten er viktig dersom han skal takast som noko anna enn eit
partsinnlegg for særinteresser.
Ettersom CERA har valt å bruke sine ressursar
for å oppnå maksimal
anti- Peak Oil -effekt har eg ingen skruplar med å spreie dette
opne brevet så vidt som råd.
I rapporten og pressemeldinga meir enn antyder du at Peak Oil miljøet
er uansvarleg når det prøver å skape merksemd omkring dei
utfordringane Peak Oil vil by på. Ei bekymringslaus haldning kan vere
greitt på mange område i livet. Eg har imidlertid vanskeleg for å sjå at
framtida til den globale olje- og energisituasjonen er eit slikt område.
Ordtaket om å håpe på det beste, men bu seg på det
verste, er ei haldning dei fleste ville sjå som ei meir passande tilnærming.
Det er ikkje ein gong sikkert at CERA trur på sin eigen rapport. Det
er pussig at CERA no fremjer ein ny rapport: 'Dawn
of a New Age' "Global Energy Scenarios for Strategic Decision Making-The
Energy Future to 2030". I første avsnittet ser vi at dette er ein multiklientstudie,
og så slike perler som dette:
".. som reflekterer den auka uroa omkring framtida
til energiforsyninga. Denne uroa gjeld ikkje berre olje, men
alle aspekta i verdikjeda til energiforsyninga. Det står mykje
på spel for alle
deltakarane i den globale økonomien, spesielt for toppleiarar
og politikarar."
La meg sjå om eg har forstått
dette rett.
I angrepet på bekymringane til Peak
Oil-aktivistane hevdar du at det ikkje eksisterar eit oljeforsyningsproblem,
og at vi er uansvarlege alarmistar.
Men for toppleiarar og politikarar har de
likevel gjennomført
den grundigaste forskingsprosjektet i CERA si historie.
Då blir det vanskeleg å tru at konklusjonen i denne rapporten skal
vere at det ikkje er noko i denne verda å bekymre seg for?
Kan det vere at den verkelege grunnen til motstanden
mot at Peak Oil blir kjent for folk flest er at toppleiarar og
politikarar er i ferd med å miste kontrollen over dette
som skulle vere ein løyndom?
Globale ressursar, konvensjonelle og ukonvensjonelle.
CERA prognoser (milliardar fat)
|
Produksjon til no
|
OPEC
Midt-
Austen |
Andre konven- sjonelle
|
Djup-vatn
|
Arktisk |
Avansert utvinning
|
Tung-olje
|
Olje- skifer
|
Fram-tidigefunn
|
Totalt |
Rest of
world |
813
|
662
|
378
|
50
|
110
|
510
|
277
|
200
|
660
|
3,660
|
U.S.A.
|
234
|
-
|
19
|
8
|
5
|
76
|
-
|
500
|
83
|
925
|
Canada
|
31
|
-
|
7
|
3
|
3
|
6
|
167
|
4
|
15
|
236
|
Totalt
|
1,078
|
662
|
404
|
61
|
118
|
592
|
444
|
704
|
758
|
4,821
|
Kjelde: United States Geological Service, World Petroleum Assessment 2000,
Cambridge Energy Research Associates, National Energy Board Canada.
Kjerna i påstanden din om at Peak Oil miljøet er alarmistar
er basert på den ovanståande tabellen din. Denne viser
at den samla mengda olje av ulike slag i verda er 4821 Gb. ( Gb =
milliardar fat ) Av dette er 1078 utvunne til no, og 4821-1078 =
3743 Gb står altså att å utvinne.
Eg er redd denne tabellen berre kan sjåast som ei tilfeldig samling av
det kjente, det ukjente, det mogelege og det reint usannsynlege. Det ser ut
som ei samanlikning av eple og pærer, med eit par sitronar slengt innimellom.
Venstre del av tabellen er tilsynelatande
ukontroversiell, medan den høgre halvdelen, sjølv
om den skulle vere mogleg reint teknisk, berre er interessant dersom
dette er ressursar som kan bli funne, utvikla og brakt til marknaden
innanfor ei rimeleg tidsramme.
Dette er essensen i heile denne debatten: Kan ressursar
som ikkje er påviste enno bli utvikla raskt nok til å motverke
fallet i utvinninga frå dei ressursane som allereie er kjende?
Dersom ikkje, viser dette berre at oljeindustrien vil vere tilstades
også langt inn
i framtida. Men denne industrien vil ikkje bli i stand til å sikre
ny utvinning som er naudsynt for å dekke fallet som vil kome i utvinninga
frå eksisterande felt i åra som kjem.
Eg veit ikkje om du innser at du tek opp at
ei gammal historie når
du går til åtak på Hubbert sin relevans med argumentasjon
omkring den moglege storleiken på dei samla ressursane. Lat
meg forklare.
I den elles framifrå boka "The Prize" skriven
av sjefen din, Daniel Yergin, er det ingen referansar korkje til
Marion King Hubbert, Vincent McElvey eller Hr. Zapp. Dette kan vere
noko av grunnen til at for få kjenner den følgjande
historia:
I si vidkjende førelesing frå 1956 påviste Hubbert,
utan andre hjelpemiddel enn intellektet sitt, ein blyant og litt
millimeterpapir, at det gjeldande synet på framtida til amerikansk
oljeutvinning var heilt feil, og at USA ville nå ein topp omkring året
1970. I staden for å ta imot denne analysen som eit viktig
innspel i debatten, blei Hubbert støytt ut i kulden. Mange
deltakarar i den noverande debatten omkring Peak Oil vil ha opplevd å bli
behandla på same måten.
Vincent McElvey var sjef for US Geological
Service (USGS) på denne
tida. Han ser ut til å ha hatt eit svært politisk syn
på rolla si, og såg det som naudsynt å ha eit rosenraudt
syn på framtida til amerikansk oljeproduksjon. Høyrest
dette kjent ut? Derfor pressa han Hr. Zapp, som hadde ansvaret for å gi
ut USGS sine estimat over reservane, til å offentleggjere endå høgre
tal for desse. Dette enda i noko nær ei farse i det overslaget
over dei samla amerikanske reservane stod på 590 Gb ( meir
enn heile Midt Austen ) like før utvinninga nådde toppen
i USA, for deretter å falle heile tida sidan.
McElvey vart diskreditert og fekk sparken.
Etter dette gjekk USGS bort frå å operere med eit enkelt tal for reservane og
over til ulike tal for påviste, trulege og moglege reservar.
Det er grunn til å merke seg at denne hendinga ikkje fullt ut løyste
problema med politisk påverknad på reserveoverslaga.
I dag offentleggjer USGS reserveoverslaga
som P95, P50 og P5. Desse tala referer til kor truleg det er at
overslaget skal treffe, P95 = 95%, P50 = 50% og P 5 = 5%. Eg referer
gjerne til desse tala som høvesvis "kva som er nokså sikkert", "kvalifisert gjeting" og "tala
vi gir politikarane".
Området kring det Kaspiske havet viser risikoen med å gi
eit "politisk" reserveoverslag. I si siste studie gir USGS opp P95
= 20 Gb, P50 = 60 Gb og P5 som overveldande 200 Gb.
Det allmenne synet på oljeprovinsen kring det Kaspiske havet er i dag
at området er eit vonbrot. Alle indikasjonar viser at P50 talet på 60
Gb stemmer brukbart. Problemet er at det talet politikarane skulle basere avgjerdene
sine på, P5, var heilt feil. Det er rimeleg å seie at når
det er 5% sjanse for at noko skal vere tilfelle så er sjansen, vel, liten.
Det ser ut som at den høgre delen av
tabellen viser reserver som truleg er til stades, men som berre
over lang tid kan omsetjast til faktisk produksjon.
Talet for Arktiske reservar på 118 Gb er
temmeleg tvilsamt. Utanom dei kjende reservane i Alaska og nordlege
Sibir, 20-30 Gb, er talet 118 Gb rein gjeting. USGS har 47 Gb for
Aust-Grønland. Med Aust-Grønland er isfjellområde.
Kostnadane ved prøveutvinninga på Vest Grønland,
der isfjell ikkje er eit like stort problem, viser at kostnadane
på Aust Grønland vil bli enorme.
USGS sine spådomar for oljefunn sett opp mot dei faktiske funna viser
eit stort sprik. IHS Energy har vist at av USGS sine forventa funn frå 1995
til 2025 så har berre 17,5% materialisert seg i dei 10 åra fram
til 2005. 17,5% av forventa funn på 33% av tida er mindre enn halvparten
av det USGS har spådd. Og om ikkje dette var skuffande nok, så viser
ein ny rapport frå Wood Mackenzie og Fugro Robertson at Arktis er ein
gassprovins der minst 80% av hydrokarbona er gass. Og det har ikkje vorte gjort
store funn i Arktis det siste tiåret. Er det då grunn til å vente
seg meir enn minimal utvinning av energi i væskeform så langt fram
vi kan sjå?
Avanserte oljeutvinningsteknikkar ( Enhanced oil recovery ) er
eit reelt fenomen. Problemet er knytt til kva grad det skjer. IHS sin presentasjon
viser at utvinningsgraden aukar med om lag 0,5% i året. Andre estimat
viser lågare tal. Dersom vi held oss til IHS, vil ein auke i den globale
utvinningsgraden på 0,5% gi ein årleg auke på 6,26 Gb.
( 0,5% av estimerte reservar på 1251 Gb ). Det vil dermed ta
om lag 95 år før dei 592 Gb du ser for deg vil ha materialisert
seg.
Overslaget ditt over tungolje på 444
Gb er
høgt, men ikkje urimeleg. Utfordringa er nok ein gong å mobilisere
ei utvinning på eit høgt nok nivå. Til denne tid
har utvinninga frå oljesanden i Canada så vidt nådd
over 1 million fat om dagen, og tungoljen i Orinoco ( Venezuela )
er oppe i 600 000 fat/dag.
Utvinning av desse oljetypane står overfor store utfordringar
knytt til naudsynt forsyning av naturgass, tilgang på vatn,
og utslepp av CO2. Eksisterande planar vil føre til ein vekst
på 2-2,5 mill. fat/dag
frå oljesanden i Canada, altså ein vekst på 200-250 000 fat/dag
kvart år fram til 2015. Men i 2015 vil alle dei mest tilgjengelege førekomstane
vere i produksjon, og ein må ty til magrare område.
Så langt eg er kjend med har president Chavez enno ikkje godkjent auka
utvinning i Orinoco. Det er lite sannsynleg at produksjonen i Venezuela når
så høgt som 1,5 mill. fat/dag innan år 2015.
Dersom produksjonsnivået frå Canada og Venezuela kan haldast oppe
på 2015-nivå vil dei 444 Gb vare i 300 år. Men på den
andre sida vil dei aldri bli eit bidrag på meir enn 5% av det den globale
oljeproduksjonen er i år.
Overslaga dine for reservane av oljeskifer er utan tvil heilt
nøyaktige. Men representerer dei noko meir enn eit håp? Det
finst pr. i dag ikkje nokon gangbar metode for å ekstrahere olje frå oljeskifer.
Det blei brukt hundrevis av millionar dollar på 1970-talet for å knekke
det eg kallar oljeskiferparadokset: Å omdanne umoden kerogen i skiferen
til olje som kan brukast. For å oppnå dette må skiferen varmast
opp. Når skiferen blir varma opp utvidar han seg, og blir ein effektiv
varmeisolator, slik at vidare oppvarming blir vanskeleg.
På 1970-talet blei det også vist at alle forsøka på å drive
gruvedrift, male opp skiferen og ekstrahere oljen gav lite, om i det heile
noko energimessig gevinst.
Shell har i dag ein in-situ prosess på pilotstadiet. Men det er i ekstrem
grad å ta ting på forskot å sjå på oljeskifer
som noko anna enn ein geologisk kuriositet, før ein økonomisk
robust prosess er etablert.
Du går ut ifrå framtidige 758 Gb med framtidige oljefunn. Det
er eit svært stort tal. I følgje IHS Energy så har gjennomsnittet
av nye funn for dei siste 10 åra vore litt over 11 Gb/år. Med
denne raten på nye funn vil det ta 66 år før det potensialet
du nemner har materialisert seg.
Sjølv om du ser på Peak Oil-miljøet
som altfor pessimistisk, vil eg be deg om å vurdere følgjande:
Dersom vi tar utgangspunkt i dei enklaste tala for påviste
og sannsynlege reservar frå IHS Energy, som viser at innan
utgangen av 2005 så har 1077 Gb blitt utvunne og 1251 Gb står
att, gir dette samla reservar på 2328 Gb. Dersom Peak Oil intreff
når 50% av førekomstane har blitt utvunne, kor lenge
vil det ta før vi når1164 Gb?
Vi tek igjen utgangspunkt i at vi finn 11 Gb/år, og utvinn 29Gb/år,
slik at den samla netto utvinninga er 18 Gb/år. Dette
enkle reknestykket viser at vi vil nå Peak Oil om litt mindre enn 5 år,
i 2012. ( 1164-1077 delt på 18 ) Aukande etterspurnad vil korte denne
tida. Dersom vi meinar å kunne utsetje Peak Oil til 55% av oljen er utvunnen vil
vi nå toppen i 2018.
Dersom det er tilfelle, slik mange trur, at
førekomstane
i Midt Austen er overdrivne, såkalla "papirfat", så vil
Peak Oil skje 5 år tidlegare for kvar 100 Gb desse
reservane har blitt overdrivne. ( 100 delt på 18
)
Det finst imidlertid ein endå meir rett fram
analyse. Det kan visast at 20% av dei globale reservane var oppbrukte
i 1985, 30% i 1995, medan dette talet hadde stige til 46,3% i 2005.
(1077 delt på 2328 ). Dersom vi framskriv dette til 50% får
vi Peak Oil i 2010, dersom toppen blir nådd på 55% får
vi Peak Oil i 2014.
Som du er kjent med trur eg personleg at ei
analyse basert på oljestraumen
frå nye prosjekt gir det mest nøyaktige resultatet.
Når eg ser på alle data i mi MegaProjects-analyse finn
eg at vi vil nå Peak Oil i 2011 pluss/minus eit år .
Uansett kva slag tilnærming ein nyttar, så finn ein
at alle dei ressursane du og CERA påviser på høgre
sida av tabellen ikkje vil kunne bli mobiliserte i tide til å kunne
utsetje Peak Oil med meir enn eit år eller to.
Min konklusjon blir derfor at i staden for å avkrefte bekymringar
omkring Peak Oil så har du vore med på å stadfeste
at Peak Oil er ei nær føreståande hending.
Eg håpar verkeleg at du og CERA vil vere med på å debattere
desse punkta med Peak Oil -miljøet.
Eg ser fram til dine kommentarar.
Beste helsing
Chris Skrebowski
Omsett
av energikrise.no
|